logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Festival i Prøysen-land

 overstokogsteen.jpg 300x299
"Over Stok og Steen" skal spele skjorta av oss.
Foto: Artistane.

Festivalprogrammet har gått i trykken. Last det ned her.

Velkomne til Hamar 30. juli – 2. august 2009!

Når Noregs Ungdomslag, Fylkeslaget Varden og Folkedanslaget Sølja ønskjer velkomne til Folkekulturfestivalen på Hamar siste dagane av juli, vil vi gje dykk opplevingar innan både tradisjonelle og nyare aktivitetar i Noregs Ungdomslag.

Hamar ligg sentralt og det er lett å koma dit. Vi vonar difor på stor oppslutnad om arrangementa i ljose sommarkveldar ved Mjøsa. Her vil deltakarar i Noregs Ungdomsring vera samla nesten ei heil veke. Noregs Ungdomslag samlar utsendingar frå heile landet til årsmøtet, medan mange vil koma hit først og fremst for å møta kjære vener og vera med på gode, kulturelle opplevingar. 

Vi gler oss til å la dykk oppleva nokon av dei fremste artistane innan ulike folkelege kulturutrykk, når festivalen vert opna med Hedmarkskveld. Programmet inneheld elles tilbod om ulike kurs, turar og aktivitetar.

 camilla-granlien.jpg 191x300
Kva med å gå på kvedarkurs med
Camilla Granlien? Det hadde vel
vore noko? Foto: Sune Eriksen.
 

Fredag kan de vera med på tradisjonsball som byggjer på lange og levande tradisjonar frå Mjøsområdet. Der vert det god musikk, middag og høgtideleg utnemning av ballmeistar for kvelden. Eit anna høgdepunkt vil vera leikfesten om laurdagskvelden. Ved begge desse tilstellingane skal vi svinga oss i dansen etter musikk av beste slag.

Borna får sin eigen leikfest med fredag, og veteranane vert ønskt særleg velkomne med eige treff. Bunadsarbeid er eit sentralt arbeidsområde i NU, og på Hamar kan de sjå ei stor bunadsutstilling med bunader frå ulike deler av Hedmark.

Det vil  vera eit eige bunadsseminar og foredrag om brudekruner. Vi skal dansa kvar einaste kveld – med nattdans etterpå. Du kan også få oppleva ein stemningsfull nattkonsert i Hamardomen.

Alf Prøysen har mange vakre og kjære viser. Det vert no laga dansemåtar til fleire av dei som skal presenterast både i eit hefte og på dansegolvet under festivalen.

Av turar kan de velja mellom tur på Mjøsa med vitjing på ein storgard på Nes, tur til Prøysenstua, til minnesteinen over Per Sivle på Nordhue i Elverum, vitjing på ulike museum m.m.

Festivalkomiteen opplever stor lokal interesse og støtte i arbeidet for å skipa til eit godt arrangement. Lærarhøgskulen på Hamar, som er ein del av Høgskolen i Hedmark, ligg sentralt i byen og vil vera eit viktig samlingspunkt. Derifrå kan vi gå til dei fleste arrangementa og til sentrum på nokre få minutt.

hulda.jpg 300x292

Hulda Garborg står på sokkelen sin
i Strandgateparken og ønskjer alle
velkomne til Folkekulturfestival
i Hamar. Foto: Jan Schrøder.

Vi ser fram til å sjå dykk i Hamar og ønskjer alle hjarteleg velkomne.

Arnfinn Nes
festivalleiar


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting