![]() |
![]() |
|||
|
|
||||
| :: Ungdomsringen | ||||
|
NUR 2009
Gode minner, gærne minner… Denne sommaren samlar ”gærne jinter og gutar” minner frå Hamar! 27.-29. juli inviterer Noregs Ungdomslag ungdom mellom 14 og 26 år til kurs og vakne sommarnetter... NUR 2009 (Noregs Ungdomsring) er ein ungdomsleir med fire ulike kurstilbod og mykje sosialt samvær. Leiren blir arrangert på "Gamle Ankerskogen vidaregåande skole" på Hamar dagane i framkant av Folkekulturfestivalen. Her kan du laste ned årets NUR-brosjyre. Måndag 27. juli: innkvartering av NUR-deltakarar på skulen, sosiale aktivitetar på kvelden. Klikk her for meir detaljert tidsplan. I løpet av NUR 2009 blir det fleire fellesøkter med aktivitetar på tvers av fagfelta. Om kveldane og nettene får ein tid til andre ting; jamming, teaterleik, dans, spel, nattdebatt, kjærleik (!?)…. NUR-telefon:
Når samlinga startar måndag 27. juli vil NUR-telefonen vere open. Telefonnummeret er 99330076
Ringer du til denne telefonen kjem du til vaktene som sit på Ankerskogen videregående skole. Telefonen vil vere open heile døgnet fram til 02. august. NUR-spelSpeler du eit instrument?
Eit av landets mest populære folkemusikkgrupper er lærarar Lær melodiar innan 1900-talets gammaldans, swing og tango. Einar Olav Larsen trio Einar Olav Larsen (30 år) er ein av få som er A-klasse-spelmann Daniel Trustrup Røssing (25 år) er kjent som eit stort talent innan blues-/rockabilly-sjangeren. Han braut gjennom i 2007 med turnering med Chuck Berry, og er nå rocke-legenden sitt førsteval som pianist på konsertar i Europa. Audun Larsen (20 år) er yngstemann i folkemusikk-familien Larsen. Er etter kvart ein habil bassist med erfaring frå fleire ulike sjangrar. NUR-teater
Vil du smake på fleire teaterretningar? Både fysisk og tekstleg teater? Innimellom vil deltakarane gjennom kreative visningar markere seg i lokalmiljøet. Kurset vert avslutta med: Kjeften vs Kroppen, ein høgtideleg konkurranse mellom tekstteateret og det fysiske teater, det tradisjonelle Trine Merete Sjølyst (27 år) og Jan Fredrik Grøndal Henriksen NUR-folkedansHøyrt om dei glade 50 og 60 åra? NUR-folkedans skrur tida tilbake, og lærer å danse tango og slowfox, Vegar Vårdal har studert og fordjupa seg mykje også i NUR-folkedans samarbeider tett med NUR-spel. Du vil få danse mykje til eit av landets beste folkemusikkgrupper; Vegar Vårdal (33 år) er profesjonell folkemusikar og folkedanspedag, busett i Vågå. Han er mykje brukt dansepedagog, og er mellom anna hovudlærar på Arnhild Baarøy er instruktør i Kom og Dans, og ein av leiarane i Kom og Dans - Bergen. Arnhild er mykje brukt som instruktør på store samlingar i Kom og Dans, både som kursinstruktør og opplæringsinstruktør. Arnhild danser det meste av moderne sosial samværsdans - alle swingformer, foxtrot- og slowformer, tango, linedance og andre danserytmer. Endre Kleiveland (28 år) er frå Osterøy og mykje brukt danseinstruktør i Bergen Ungdomslag, Ervingen. Han også med i dansegruppa To tette og ei badehette i Bergen. Endre er leiar i folkedansrådet i Noregs Ungdomslag. NUR-design
På grunn av for få påmelde har vi diverre avlyst kurset i re-design dette året.
Deltakaravgift: Å delta på NUR 2009 kostar kr. 1000/700 (medlem i Noregs Ungdomslag). NUR 2009 blir gjennomført i samarbeid med: NUR 2009 er støtta av: Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Folkekulturforbundet og Musikkutstyrsordningen.
Hugs å melde ungdomsringen din på Framsyningskappleiken! Reiser du saman med ei gruppe/Ungdomsring eller aleine? Alle NUR-deltakarane er, eller blir, organisert i grupper på 10 ungdomar og har ein "reiseleiar". Ein reiseleiar må vere over 18 år, og har ansvar for "sine" 10 ungdomar under NUR og Folkekulturfestivalen. Å ha ansvaret betyr: å ha litt oversikt over kor folk er, gi vidare informasjon under NUR-arrangementet, samt delta på informasjonsmøter undervegs i arrangementet. Siste nytt:
⇒ Festivalprogrammet i trykken |
|||