![]() |
![]() |
|||||
|
|
||||||
| :: Bunad | ||||||
|
: Bunadseminaret : Bunadutstillinga
|
Bunad
FestivaltogFesivaltoget vil gå gjennom gatene i Hamar på laurdag 1. august. I tida mellom 10.30 og 13.00 vert det myldring og dans i gatene med bunadtoget som avslutning.
Bunadutstillinga: ”Fruktbare åkrar og djupe skogar”Bunadutstillinga vil syne dei store variasjonane det er samfunnsmessig, økonomisk og sosialt i Hedmark. Mot aust har vi ei lang grense mot Sverige, vi har rike skogbygder langs Glomma, i vest er det rike, fruktbare jordbruksbygder langs Mjøsa og på Hedemarken ligg mange av dei mest velståande storgardane i Noreg. Dei ulike samfunnsforholda og levekåra har ført til eit stort mangfald i draktskikken. Vi vil vise fram fleire bunader som byggjer på lokal draktskikk og i tillegg vise bunader komponert etter Hulda Garborg sine idear. Bunadutstillinga vert ståande på Høgskolen ved stemnekontoret. Ho vert opna onsdag 29. juli og står framme under heile festivalen.
BunadseminarDet vert arrangert eit bunadseminar i tilknyting til utstillinga.
Foredrag om brurekroneKjersti Prestkvern har i fleire år arbeidd med brurekrone frå Hedmarken. I eit eige foredrag fortel ho om dette arbeidet.
Siste nytt:
⇒ Festivalprogrammet i trykken |
|||||