logo    
      meny  
      meny  
  :: Framsyningar      
  : Sans for dans: !Grymt
: Myldring og tog

 

Framsyningar

Folkekulturfestivalen skal by på framsyningar, kappleikar og myldring i bygatene i Hamar.

Vi gler oss til Norgespremiere på Sans for dans 2009! Sans for dans er Noregs Ungdomslag sitt program for unge folkedansarar som ynskjer å utvikle seg vidare som utøvarar. Åtte dansarar har gjennom fire helgesamlingar skapt ei danseframsyning saman med profesjonelle dansepedagogar og musikarar.

Lærarar for Sans for dans 2009 er Bente Hjellum Syvertsen og Martin Myhr.

Bente Hjellum Syvertsen er dansar i både folkedans og sving, har studert dansevitskap ved NTNU i Trondheim og har seinare undervist på studiet. Ho er ein av nøkkelinstruktørane i Noregs Ungdomslag og er aktiv i fleire prosjekt.

Martin Myhr lærte sine fyrste hallingkast som skogsarbeidar og tømmerfløtar. No er han profesjonell folkedansar på heiltid, og er mellom anna med i dansegruppa FRIKAR. Han har vore på mange turnear både i Noreg, Danmark, Sverige, Færøyane og USA, og dansa mellom anna i folkeoperaen ”Tryllefløyta” i Noreg og Sverige.

dansihamar.jpg 300x247
Dans foran Husfliden i Hamar sentrum.
Foto: Jan Schrøder.
Førestillinga skal vere i Folkets hus same dag som festivaldeltakarane skal fylle bygatene med bunader, folkedans og folkemusikk. Vi trur det blir ein strålande dag!


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting