logo    
      meny  
      meny  
  :: Kappleikar      
 

 

Kappleikar

Framsyningskappleiken

Noregs Ungdomslag inviterer kvart år dansegrupper til å delta på Framsyningskappleik. Kanskje har de allereie øvd inn ei framsyning? Kappleiken blir på laurdag 1. august, under Folkekulturfestivalen. Vil du delta med gruppa di? Meld dykk på til synnove@ungdomslag.no.

Konkurransereglar for Framsyningskappleiken

  • Minst 4 deltakarar (dansarar og musikarar).
  • Kvar gruppe framfører eit program på opptil 15 minutt.
  • Programmet skal på ein eller annan måte fortelje noko om det laget og/eller det lokalmiljøet som gruppa kjem frå.
  • Det kan gjerne innehalde anna stoff enn dans og musikk som rammer eller innslag.
  • Skal omfatte minst 2 av dei 6 hovudtypane av dans det blir arbeidd med innanfor Noregs Ungdomslag: Bygdedans, turdans, runddans, songleik, songdans og moderne dans.
  • Bruker eit lag dansar frå andre land i framsyningsprogrammet, må dette vere knytt til tema for framsyninga.

Dommarane vil leggje vekt på

  • Innhaldet
  • Dansekompetansen til utøvarane
  • Naturleg danseglede i framsyninga
  • Har framsyninga eit klart mål?
  • Korleis ein bruker scenen

Premiering

  • Dei tre beste laga vert i tillegg rangert.
  • Dommarane kan dele ut prisar til program som inneheld presentasjonar utover det vanlege, t.d. beste bygdedansframsyning, beste innslag frå barn, beste framføring av moderne dans, beste songdansinnslag, beste vokale folkemusikkinnslag o.s.b.
  • Dommarane ser òg på kva laget har fått ut av programmet med bakgrunn i føresetnadene sine.
  • Dommarane gjev ei samla skriftleg dommarvurdering av tevlinga, der det er ein kort kommentar til kvar gruppe.
  • I tillegg til dommarane, vil ein folkejury – tilfeldig plukka ut blant publikum – også kåre ein vinnar

Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting