logo    
      meny  
      meny  
  :: For barn      
  : Barneleikfest
: Kurs i halling
: Kurs i munnharpe
: Kurs i toving

 

Kurs i toving

 magnhild2.jpg 300x260
Magnhild Gjevre er kurshaldar. Foto: Jan Schrøder
Tid:
To dagars kurs, torsdag 30. juli og fredag 31. juli klokka 11.30-13.00.

Stad: Klasserom på Høgskolen

Lærar: Magnhild Gjevre

Pris med pass: 50 kroner

Pris utan pass: 100 kroner

Påmelding: På festivalkontoret

 

Dette er eit kurs mest for ungar, men vaksne kan sjølvsagt delta òg. Ull og det de treng til tovinga er med i prisen på kurset. 

Toving vert òg kalla filting. Toving eller tova er det oldnorske ordet for å filte, og i Noreg bruker vi framleis ordet tove.

Å tove ull er ein av verdas eldste teknikkar og ein trur at filting av ull er eldre enn spinnekunsten. Forskning og funn datert frå ca. 600 år f. Kr., syner at steppefolk og nomadestammer i Russland, Mongolia og Kina har nytta filt på mangfaldige måtar. Dette handarbeidet kravde ingen lokale og dyre maskinar, og kunsten vart lett ført vidare til andre land, blant anna til Hellas og Roma, og derfrå vidare til Europa.

toving-av-bart.jpg 300x243
Ein kan tove det mest utrulege. Her har Viel
tova seg ein bart! Foto: Jan Schrøder.
 
I Noreg har det vore direkte påverknad frå Russland og Finland, og i Norden kan ein finne skrivne kjelder om salar av filt, hovudplagg og kappar frå islandske sagaer.

Kurshaldar Magnhild Opsahl Gjevre er utdanna ergoterapeut, men ho har ikkje lagt bort den mangeårige hobbyen sin, toving, broderi og saum av bunader. Ho er aktiv medlem av Folkedanslaget Sølja og har i fleire år vore ein god bidragsytar her.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting