logo    
      meny  
      meny  
  :: Kurs      
  : Felekurs
: Trekkspelkurs
: Kvedarkurs
: Festivalkor
: Elverumspols
: Hedmarksmasurka
: Rosemåling
: Bjørnemosekost

 

Festivalkor

Dette kurset er diverre avlyst!

Tid: To dagars korøving a 2 timar, torsdag 30. juli og fredag 31. juli, begge dagar klokka 09.30-11.30

Stad: Klasserom på Høgskolen

Lærar: Rune Hernes Bjerke

Pris med pass: 50 kroner

Pris utan pass: 100 kroner

 

Alle, både yngre og eldre, som liker å syngje og som har lyst til å vere med i kor, har høve til å ta del i festivalkoret. Koret er under kyndig leiing av korleiar Rune Hernes Bjerke. Johanne Jeremiassen akkompagnerer på piano. Under gudstenesta søndag 2. august blir det høve til å høyre koret i Hamar domkirke.

Rune Hernes Bjerke har dansa i nærare 20 år i BUL Oslo og er utdanna folkedansinstruktør. Familiefaren frå Lommedalen i Bærum har drive med kor sidan 1980 som aktiv sangar i ulike kor, i eigen kvartett og som dirigent. Han har også sysla med folkeleg song og kveding.

I organisasjonslivet har han lenge vore aktiv og har hatt tillitsverv i m.a. styret for Norsk Visearkiv for Noregs Ungdomslag. Til dagleg arbeider han med strategi, kvalitet og organisasjonsutvikling i Statnett i Oslo.

Johanne Jeremiassen kjem frå Tverlandet utanfor Bodø. Ho har vore aktiv i folkedansmiljøet i Bodø, Bergen og Oslo. Johanne er utdanna organist og kordirigent frå Norges musikkhøgskole og Universitetet i Tromsø og har i tillegg teke studiet "Norsk folkeleg dans" studieåret 2007/08. Frå og med 3. august jobbar ho i Tøffe barnehage i Bærum. 

rune-hernes-bjerke.jpg 236x300 johanne-jeremiassen.jpg 199x300
Rune Hernes Bjerke. Johanne Jeremiassen.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting