logo    
      meny  
      meny  
  :: Dans      
  : Dansearrangementa
: Dansemusikken
: Tradisjonsball

 

Dansearrangementa

Her finn de eit oversyn over dansekveldane med unntak av ballet.

 

einar_olav_larsen_trio_thumb.jpg 150x225
Einar Olav Larsen Trio
speler opp.
Foto: Artistane.
NUR-avslutning onsdag den 29. juli

Onsdag 29. juli avsluttast NUR 2009 med dans på Yrkesskulen. IntroFOLK-nominerte og plateaktuelle Einar Olav Larsen Trio speler til dans!  

Dansen er open for alle danseglade! 

Pris: kr. 120,- (sal ved inngangen frå klokka 21.00)

 

Hedmarkskvelden torsdag 30. juli

Når programdelen av Hedmarkskvelden er ferdig, held kvelden fram med dans i tre salar på Folkets Hus klokka 21.00-24.00. Vi får presentert fleire spelmannslag og musikkgrupper frå Hedmark som kjem og spelar etter tur. Det blir mest runddans og pols, men og litt av tango og swing med meir denne kvelden. Det blir også innslag av turdans og songdans.

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 150 kroner

 

Dans og moro fredag den 31. juli

 dans1_jan.jpg 300x201
Dans i alle salar! Foto: Jan Schrøder.

Dansekvelden, som vi har valt å kalle Dans og Moro, finn vi i dei to gymsalane på Høgskolen klokka 20.00-24.00. Dette er dansetilbodet for dei som ikkje skal på ball, og det skal bli eit hyggeleg dansetilbod med runddans og pols med innslag av turdans og songdans.

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 150 kroner

 

Leikfesten laurdag den 1. august

Etter myldring i byen og festivaltog på føremiddagen, Sans for dans og framsyningskappleik om ettermiddagen er det bra å eta godt og kvila ut. For på leikfesten, som varer frå klokka 19.00-24.00, blir det topp stemning med Over Stok og Steen på musikkpodiet og med runddans, pols, turdans og songdans utan stopp. Vi har tre salar til rådvelde i Folkets hus.

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 250 kroner

 

Nattdans

Både på torsdag, fredag og laurdag vert det oppfølging av dansearrangementa med nattdans frå
klokka 24.00-02.00.

Pris: Inkludert i prisen for dansekveldane.

 

Bygdedans

Bygdedans blir det tilbod om kvar kveld parallelt med dei ovafor nemnde dansearrangementa. Vi har avtalar med spelemenn/kvinner som dekker det meste av bygdedansspekteret. Det vil på førehand bli gjort kjent kven som speler når.

Pris: Inkludert i prisen for dansekveldane.

 stordans.jpg 300x177
Stordans blir det sjølvsagt òg!
Foto: Jan Schrøder.
 

Stordans

Det blir stordansøkter både torsdag, fredag og laurdag. Vi tenkjer oss å velje stordansar frå ei smørbrødliste av dansar som er nytta av stordansmiljøet i Folkedanslaget Sølja dei siste åra:

Aksel Tårn
Fanitullen
Kråkevisa
Nordenfor Trondhjem
Ola Tveiten
Ole Morske
Soga om Kark
Ormen Lange
Rolandskvadet
Stolt Signild
Tre små møyar
Villemann og Magnhild
Zinklars vise

Om nokon ønskjer å skipe ei vise, anten frå denne menyen eller ein song som ikkje er med her, er vi glade for slike initiativ.

Pris: Inkludert i prisen for dansekveldane. 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting