logo    
      meny  
      meny  
  :: Dans      
  : Dansearrangementa
: Dansemusikken
: Tradisjonsball

 

Dansemusikken

Her presenterer vi litt usystematisk dei som skal spele på dansefestane våre:

stokogsteen2006.jpg 300x199
Foto: Over Stok og Steen.

Over Stok og Steen har spelt saman sidan 1997. Gruppa er kjent for å ha henta fram att mykje ukjend folkemusikk og dansemusikk frå Hedmarken. Hedmarken har i all tid hatt ein rik og variert musikktradisjon. Området ligg nært hovudstaden. Musikkimpulsane kom tidleg - og kan ha blitt gløymde raskt på grunn av nyare ideal.

Storgardsmusikk og drengestumusikk er ofte brukt om dei ulike uttrykka i musikken på flatbygdene - musikk for bønder og husmenn.

Gruppa består av Thomas Lomundal (fele, hardingfele), Ronny Kjøsen (trekkspel, piano, trøorgel), Thomas Nilssen (trekkspel, durspel, klarinett), Frode Slupphaug (kontrabass) og Morten Brattås (gitar, dobro).

vallset-trekkspellag-2008.jpg 300x201 
Foto: Odd Willy Løvbakke. 

Vallset Trekkspellag vart stifta i 1978. Laget har 13 aktive medlemmer, inklusive songar og felespelar. Dei speler variert danse- og underhaldningsmusikk.  Musikalsk leiar er Jan Arne Berg.

I perioden 1980-2000 hadde laget ei viktig arrangørrolle i det kjente Jularbo Memorial-stemnet på Festplassen Vallset med over 100 aktørar. Bygda fekk tildelt 15 komposisjonar og var med på både radio og TV-program. Laget held eigne Glad-kveldar med dans og hygge og deltek på festivalar og parkkonsertar rundt omkring. 

leik.jpg 300x125
Foto: Spellemannslaget Leik. 

Spellmannslaget Leik vart starta i 1971 og er i dag samansett av rundt 12 aktive musikarar. På repertoaret har dei hovudsakleg såkalla bruksmusikk til bygdedans og runddans som er overlevert frå den tida då fele og durspell var dei viktigaste instrumenta på Hedmarksbygdene. Laget speler til dans ved ulike dansetilstellingar og har godt samarbeid med dei lokale danselaga.

Til turdans og stildans nyttast ein del lokalt komponert eller overlevert musikk, og til bygdedansen speler Leik ulike variantar av gamle bygdedansar frå distriktet, som til dømes pols, springdans og runnom. God kontakt med spelemenn i Dalarne i Sverige har vore til stor inspirasjon. Leik har delteke på fleire kappleikar og stemne og stod som arrangør av Landskappleiken på Hamar i 1982. 

herbjorn-liahagen_300.jpg 300x257 
Foto: Herbjørn Liahagen.

Herbjørn Liahagen er ein hardingfelespelemann frå Hemsedal, men bur no i Ottestad ved Hamar. Han spelar mest i Hallingdalstradisjon, men også noko Telemarks- og Setesdalsspel. Han har studert folkemusikk på Raulandsakademiet og undervist i folkemusikk ved Valle vidaregåande skule. Saman med dei andre musikarane i gruppa "Spelemannslaget Knut Heddis minne" har han delteke på fleire Landskappleikar og vann i Rauland i 2001, i Eidfjord i 2004, på Røros i 2005 og på Beitostølen i 2006. CD'en deira, "Lea deg" er godt kjend i miljøet. Dei har og delteke på Jørn Hilme stevnet med gode plasseringar.

Herbjørn Liahagen vil spela telespringar og telegangar, setesdalsgangar og halling.

svein-oskar-smogeli.jpg 300x225 
Foto: Svein Oskar Smogeli.
Svein Oskar Smogeli kjem frå Vikebukt i Møre og Romsdal. Han har gått på musikklinja på Molde vidaregåande skole, men har dette skoleåret gått på Toneheim Folkehøgskole i Hamar og spela klassisk fiolin med fiolinisten i Den Norske Opera, Kjell Tomter som lærar. Svein Oskar er opplærd i spelemannstradisjon frå Tresfjord, først av Olav P. Hjelvik og deretter av Britt Elise Skram. Han har delteke på fleire kappleikar i Møre og Romsdal, to gonger på Landskappleiken og to gonger på Jørn Hilme stemnet. I 2008 vann han dans fele klasse B på Landskappleiken saman med Anna Gjendem. Han er i år med i NU sitt "Sans for dans" prosjekt, som har Norgespremiere på Hamar.

Svein Oskar vil spele mellom anna romsdalsspringar, sunnmørsspringar og pols. 

else-myhr.jpg 300x225 
Foto: Else Myhr.

Else Myhr kjem frå Trysil. Ho har musikklinja på Stange vidaregåande skule, eitt år med folkemusikk på Malungs folkhögskola og to år med musikk på HiNT (høgskolen i Nord-Trøndelag) og startar no på det fjerde året ved Musikhögskolan Ingesund i Värmland. Her utdannar ho seg til felepedagog med fordjuping i folkemusikk. Ho er oppteke av tradisjonsmusikken frå grenseområdet mellom Hedmark, Värmland og Dalarna, med hovudfokus på Trysil og Engerdal. Gjennom åra har ho spelt mykje til dans på festivalar, kurs og kappleikar.

Spelelærarane hennar har vore mellom anna Bente Kvile Buflod, Helga Normann Møller, Olav Sæta, Marit Westling, Einar Olav Larsen, Mats Berglund og Kalle Almlöf. Else er også leiar for eit samspelprosjekt i Trysil, der ho underviser barn og ungdom frå grenseområdet i musikk frå traktane rundt Trysil. 

   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
 

 

 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting