logo    
      meny  
      meny  
  :: Program      
  : En akevisitt
: Båttur til Hoel gard
: Mammuthus
: Aktivitetar på Domkirkeodden
: Sivle på Nordhue
: Foredrag: Tradisjonskost
: Foredrag: Brurekrone
: Veterantreff
: Festivalgudsteneste

 

En akevisitt - teaterframsyning i Løten

Dette arrangementet er diverre avlyst!

Tid: fredag 31. juli klokka 14.00-17.00 (teateret startar klokka 15.00)

Stad: Løiten Brænderi, Løten

Pris: 100 kroner, førehandstinging gjennom festivalpåmeldinga

 

akevisittbonden.jpg 300x225
Teaterstykket "En akevisitt" utspeler seg i
produksjonslokala til Løiten Brænderi.
Foto: Ingvild Haugbråten.
 
"En akevisitt" er eit skodespel om akevittens historie, spela som ei omvising inne i produksjonslokala til Løiten brænderi. Verksemda er no nedlagt, men lokala er uforandra, slik at ein vil få sjå produksjonsgangen i eit ekte potetbrenneri. Teateret varer i om lag 1 time og 15 minutt. Omvisinga inneber ein del gåing i smale trapper. Ein bør òg vera utandørs kledd om det er kaldt i vêret.

Ein må organisera eigen transport. Festivalkontoret vil hjelpe til med å organisere samkøyring. Det tar 20 minutt å køyre med bil frå Hamar langs riksveg 25 mot Elverum. Ved parkering må ein ta omsyn til parkeringsreglane så teaterstykket ikkje vert hindra. Sjå køyrekart og parkeringsrettleiing her.

Det går buss kvar time begge vegar og det tar tre minutt å gå frå haldeplass. Frå Hamar skysstasjon går bussen "Mjøsekspressen" mot Elverum klokka 13.50. Retur klokka 17.20 og 18.20.

Før eller etter teaterstykket kan ein òg vitje den kjende verksemda Løiten lys, som saman med det rikhaldige Bokloftet (eit antikvariat med vekt på lokalhistorisk litteratur frå heile landet), Galleri Munch (Edvard Munch sin fødestad var i Løten) og fleire andre held til i det same bygget. Det er restaurant/kafé på staden. Dei fleste verksemdene har ope til klokka 18.00.

Meir om Løiten Brænderi, Løiten lys og dei andre verksemdene finn du på http://www.lbr.no.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting