logo    
      meny  
      meny  
  :: Program      
  : En akevisitt
: Båttur til Hoel gard
: Mammuthus
: Aktivitetar på Domkirkeodden
: Sivle på Nordhue
: Foredrag: Tradisjonskost
: Foredrag: Brurekrone
: Veterantreff
: Festivalgudsteneste

 

Mammuthus

Tid: Torsdag 30. juli klokka 15.00-17.00

mammuthus.jpg 300x225
Mammuthus. Foto: Jan Schrøder.
Stad:
Gåsbuvegen 890, 2323 Ingeberg. 15 min med bil frå Hamar sentrum. Transport vert organisert av festivalkontoret, deltakarane må bruke eigne bilar.

Pris vaksne: 50 kroner

Pris barn: 25 kroner

Servering (valfritt): Kaffe/te/saft/kake 50 kroner, barn halv pris

 

På denne turen vitjer vi mammutane sitt eige hus i Vangsåsen. Ein møter to mammutar i naturleg storleik i ei naturhistorisk utstilling. I omvisinga vert det gitt ein presentasjon av mjøsområdets geologiske historie - ei reise gjennom 4600 millionar år. I løpet av ein halv time vert ein forklart mammutane si historie og utviklinga av landskapet i området.

Mammuthus er i tillegg eit karakterfullt byggverk. Ein kan velje om ein vil ha servering etter omvisninga saman med ein framifrå utsikt over regionen.

Ole Nashoug er mammuteigar og omvisar. Du kan lese meir om Mammuthus på deira eiga heimeside.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting