logo    
      meny  
      meny  
  :: Program      
  : En akevisitt
: Båttur til Hoel gard
: Mammuthus
: Aktivitetar på Domkirkeodden
: Sivle på Nordhue
: Foredrag: Tradisjonskost
: Foredrag: Brurekrone
: Veterantreff
: Festivalgudsteneste

 

Foredrag: Tradisjonskost på Hedmarken

Full tittel: Tradisjonskost på Hedmarken frå 1850 til 2009

Tid: Fredag 31. juli klokka 14.00-14.45

Stad: Lite auditorium på Høgskolen

Foredragshaldar: Kari Sofie Solbjørg

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 50 kroner (for to foredrag)

 

Gamle mattradisjonar på Hedmarken, blir dei haldne i hevd i dag eller har dei for lengst gått i gløymeboka? Korleis skaffa ein mat, korleis var tilverkinga og oppbevaringa og korleis har dette endra seg? Har menneska endra matvanene sine? Kva med livet før mikrobølgjeovn og miksmaster kom inn i liva våre? Mykje av dette vil du få høyre meir om. Velkomne til eit fornøyeleg foredrag.

Kari Sofie Solbjørg kjem frå Furnes på Hedmarken og budde fleire år med familien sin på ein gard i Ringsaker, før ho flytta til Brumunddal. Ho er utdanna husstellærar ved Statens lærerskole i husstell på Stabekk i 1961-62. Ho fekk jobb ved Graff husmorskule i Hernes og seinare i Hamar.

Etter fleire år som husstellærar ved ungdomsskule og barneskule i Ringsaker, tok ho spesialpedagogikk. No er ho til dagleg leiar for ein kafe på eit eldresenter i Brumunddal, der det er 70 friviljuge som gjer ein stor innsats med sjølvlaga produkt, som til dømes flatbrød og kaker. 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting