logo    
      meny  
      meny  
  :: Program      
  : En akevisitt
: Båttur til Hoel gard
: Mammuthus
: Aktivitetar på Domkirkeodden
: Sivle på Nordhue
: Foredrag: Tradisjonskost
: Foredrag: Brurekrone
: Veterantreff
: Festivalgudsteneste

 

Foredrag: Brurekrone

Full tittel: Brurekrone frå Ringsaker, Hedmarken

Tid: Fredag 31. juli klokka 14.45-15.30

Stad: Lite auditorium på Høgskolen

 brurekrone2.jpg 215x300
Brurekrona som Kjersti har arbeidd
med i ti år. Foto: Jens Erik Jensrud.
Foredragshaldar:
Kjersti Prestkvern

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 50 kroner (for to foredrag)

 

Kjersti Prestkvern fortel i dette foredraget om bakgrunnen for ei brurekrone ho har konstruert ein kopi av. Denne brurekrona stammar frå (og er i dag eigd av) legatgarden Fuglseng S. i Ringsaker. Krona stammar frå slutten av 1700-talet. Fuglseng S. vart testamentert av den siste eigaren, Ole Andreas Gjeldt, til Ringsaker kommune i 1889 på testamentariske vilkår: "Hvad jeg ved min død maatte efterlate mig av indbo, besætning, gaardsregnskaper, m.v. maa ikke realiseres, men bibeholdes ved eiendommene..." Difor finnst mellom anna ei brurekrone med hengler og rokokko silkesko bevart i et skåp på garden.

Denne typen brurekroner er særs sjeldne, og dette er den einaste som er bevart frå Hedemarken. Den originale er svært ømtålig. For å kunne låne ut krona til bruk er det laga ein kopi mest mogleg lik originalen, eller slik ein trur originalen har sett ut.

Materiala i den gamle brurekrona (og i den nye kopien) er ekte sølvknipling montert på ei 5-takka grind. Til krona høyrer "hengler"; to breie, lange band kanta med sølvknipling. Den gamle krona var rikt dekorert med voksperler og rosetter av silke og metall.

Under rekonstruksjonen, eit arbeid Kjersti starta for 10 år sidan, har ho samarbeidd med røynde kunstnarar i tekstil og metallkniplingar og ein gullsmed. Dessutan har ho gjennom alle år henta råd og rettleiing frå Bunad-og folkedraktrådet.

Kjersti Prestkvern er tidlegare lektor i tekstilfag ved Høgskolen i Oslo og førsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark. Ho fekk Fylkeslaget Varden sin Vardenpris for mange års arbeid med forsking og rekonstruksjon av bunader i 2001.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting