logo    
      meny  
      meny  
  :: Program      
  : En akevisitt
: Båttur til Hoel gard
: Mammuthus
: Aktivitetar på Domkirkeodden
: Sivle på Nordhue
: Foredrag: Tradisjonskost
: Foredrag: Brurekrone
: Veterantreff
: Festivalgudsteneste

 

Aktivitetar på Domkirkeodden

rosenlundvika.jpg 300x225
Vikingskipet legg frå land i Rosenlundvika på
Domkirkeodden. Foto: Jan Schrøder.
 
Tid:
Fredag 31. juli klokka 13.00-16.00

Stad: Domkirkeodden, Strandvegen 164

Aktivitetar: Vikingskip ved Olav Kvite-gildet, Sigurd Fåvnesbane ved FortellerKari og bogeskyting ved Middelalderforeningen i Hamar

Pris vaksne: 200 kroner

Pris barn: 100 kroner

 

Aktivitetane som ein kan vere med på, er

  • Langbogeskyting i mellomalderstil
  • Ro eit vikingskip
  • Segna om Sigurd Fåvnesbane

Langbogeskyting: Prøv deg som bogeskyttar frå mellomalderen. Introduksjonskurs i langbogeskyting ved Geiteryggen, Domkirkeodden klokka 13.00-16.00. Fortløpande frammøte. Instruksjon ved medlemar av Middelalderforeningen i Hamar.

Vikingskiproing: Ver mannskap på v/s Olav Kvite og kjenn korleis båten flyg frametter med dine taktfaste åretak under leiing av ein høvedsmann frå Olav Kvite-gildet i Hamar. Frammøte ved bryggja i Rosenlundvika kvar time klokka 13.00, 14.00 og 15.00.  "...så leggja me sidan frå landet ut, så gjeve me oss på ferdi." Det er plass til 10 roarar og 4 passasjerar på kvar tur. Førehandspåmelding.

Segna om Sigurd Fåvnesbane: Sigurd sitt liv er omtalt i Den eldre edda og i Volungesoga. Fortellarstunden varar ein knapp time. Segna blir fortalt av Kari Kirkeby klokka 15.00 utandørs på Citadellet.

Hedmarksmuseet er i tillegg til aktivitetane eit mangfaldig museum med mellomalderminner, kultur- og bygningshistorisk museum for hedmarksbygdene og med moderne museumsbygg av høg arkitektonisk kvalitet. Det har fleire faste samlingar og er ope mellom klokka 10.00 og 17.00. Eigen inngangsbillett må løysast. Med festivalpass får ein honnørpris: vaksne 65 kroner, barn 40 kroner. Sjå meir om museet på: http://www.hedmarksmuseet.no.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting