logo    
      meny  
      meny  
  :: Program      
  : En akevisitt
: Båttur til Hoel gard
: Mammuthus
: Aktivitetar på Domkirkeodden
: Sivle på Nordhue
: Foredrag: Tradisjonskost
: Foredrag: Brurekrone
: Veterantreff
: Festivalgudsteneste

 

Sivle på Nordhue

Tid: Sundag 2. august klokka 10.00-15.00

Stad: Nordhue i Løten 790 m.o.h.

Pris: Gratis, med unnatak av bompengar. Transport må organiserast

 

nordhue.jpg 300x225
På Nordhue fekk Sivle inspirasjon til "Vardevakt". Når
Folkekulturfestivalen markerer Sivle i august, vert
det nye inspirerte augneblink. Foto: Jan Schrøder.
 
Sivle på Nordhue er todelt:

1) Fottur til Nordhue, ca 1 ½ time. Frammøte Øysetra kl 10.45

2) Dans og underhaldning ved Sivlestøtta på Nordhue kl 13.00. Ein kan køyre til toppen, så deltakarar på festivalgudstenesta kan vere med på denne delen av arrangementet

 

Nordhue er Hedmarksviddas storslåtte utsiktspunkt mot aust. Fotturen startar langs Øksnas stilleflytande idyll ved Øysætra. Fotturen mot Nordhue gir mykje villmarksoppleving der vi vandrar gjennom myr og mellom ærverdige gamle fjellfuruer. Opp Nordhuelia kan det vere tungt i motbakkane, men løna er eit vidt utsyn når ein kjem opp i høgda og ser seg over aksla mot sør.

Turen er om lag 4 km lang og vil ta ca 1 ½ time. Etter programmet på toppen kan ein gå langsetter vegen attende til parkeringa på ca ¾ time.

På Nordhue bygde Helge Wæringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen", og her fekk Per Sivle inspirasjon til sitt dikt "Vardevakt".

På Nordhue kan vi alle delta i Vardevakt og andre songdansar ved Sivlestøtta leia av folkedanslaget Sølja. Vi vil få eit kåseri om Helge Wæringsåsen (1836-1917) som norskdomsforkjempar og filantrop og tilskipinga av værestaden hans på Nordhue. Vi vil òg få høyra vossastubbar skriven av Per Sivle.

Det vert selt kaffi og kaker for ein billig penge. Men det kan løne seg å ta med turmat og drikke.

Tilkomst:

Øysetra ligg ca 14 km frå Ebru på rv 3/25 Hamar - Elverum, ca 25 km frå Hamar. Det er bomveg med betaling. Ein kan køyra heilt opp og parkere på Nordhue. Det er 4 km opp frå parkeringa ved Øysetra. Transport med privatbilar vil verte organisert på Festivalkontoret.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting