logo    
      meny  
      meny  
  :: Konsertar      
  : Nattkonserten
: Hedmarkskvelden

 

Hedmarkskvelden

busterud2.jpg 199x300
Ordførar Einar Busterud opnar
festivalen. Foto: Klingwall.
Tid:
Torsdag 30. juli klokka 19.00-21.00 og dans 21.00-02.00

Stad: Teatersalen, gamle Hamar rådhus. Dans etterpå i Folkets hus

Artistar: Guren Hagen, Camilla Granlien, Eli Storbekken, Hedmark juniorspelemannslag, Bente Kvile Buflod, Liv Simensen, Elverum Danselag og Bygdedanslaget i Hamar

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 250 kroner

Pris barn utan pass: 125 kroner

 

Folkekulturfestivalen 2009 startar med ei offisiell opning ved ordførar Einar Busterud. Kvelden er lagt opp som ein kulturkveld med fleire innslag. Her vil Folkekulturfestivalen presentere ei rekkje artistar med tilknytning til heile Hedmark.

Etter Hedmarkskvelden vert det dans i fleire salar på Folkets hus. Inngangsbilletten til Hedmarkskvelden gjeld også på dansen.

 

Artistomtalar

guren-hagen.jpg 280x300 
Foto: Aud Ingebjørg Heldaas.

Guren Hagen budde i mange år i Løten, men har no flytta til Rendalen. Han kan sjå attende på 25 år som artist. I januar gav han ut den åttande plata si med tittelen "Takke meg tel". Denne plata inneheld blant anna "Sammarsmårrå", ein låt som toppa Norsktoppen og var den mest spilte songen på NRK P1 sommaren 2008.

I 2005 låg han i 28 uker øvst på Norsktoppen med songen "Hjertet mitt".

Guren fekk Prøysenprisen i 2001, og i 2008 fekk han Dialektprisen.

 camilla-granlien-lav.jpg 280x258
Foto: Sune Eriksen.

Camilla Granlien voks opp på Hamar, men bur i dag i Lillehammer. Ho er utdanna med mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark, og har fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. I dag jobbar ho som lærar i vokal folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole.

Camilla har teke del i Peer Gynt-stemnet på Vinstra, Osa-festivalen på Voss, Festspela i Bergen, Telemarksfestivalen i Bø, Blåklokkevikua i Ringsaker, Litteraturfestivalen på Lillehammer og turnert for Riks- og Telemarkskonsertane. Ho er aktiv i bandet Skrekk, Camilla Granlien Band og To cast a shadow. Ho held kurs ved Ole Bull-akademiet på Voss og har vunne i vokal A på Landskappleiken i 2006, 2007 og 2008. I 2008 vann ho Kongepokalen på Landskappleiken.

eli-storbekken.jpg 280x229
Foto: Artisten.

Eli Storbekken er fødd og oppvakse på Tolga i Østerdalen og fekk interesse for folkemusikk gjennom faren, Egil Storbekken. Ho har representert Noreg i Russland, Ukraina, USA, Qatar og i Østen og er medlem i den nordiske gruppa Kvedar. I 2000 ga ho ut bok og CDen "Nattergalen", eit utval av folkesongar frå Østerdalen. I 2008 ga ho ut boka "Sang i Norge". 

Eli underviser ved Ole Bull-akademiet, UiO og høgskolane i Oslo og Hamar, forutan å halde solokonsertar og kurs i regi av viseklubbar og festivalar for både barn og voksne. Ho har i fleire år vore primus motor for gruppa Latino folk joik ensemble, har gjeve ut to soloplater og vore med på ti plateinnspillingar.

hedmark-juniorspellmannslag.jpg 300x199
Foto: Martin Oma. 

Hedmark Juniorspellmannslag vart danna våren 1991 av initiativtakarane Ingrid Risbakken (Løten), Bente Kvile Buflod (Trysil) og Ellen T. Gjerstadberget (Sør-Odal). På første samlinga møtte det 30 barn og unge frå 11 kommuner. Felespelaren Jørgen Østvang var ei stund leiar for laget. Målet var å skape eit miljø som kunne sikre kulturarven for framtida.

Marit Westling tok over som pedagogisk og musikalsk ansvarleg frå 1998 og snart vart også Thomas Westling med som inspirator og medhjelpar. Laget har ca. 18 medlemer i alderen 8-17 år. Det er berre fele som er instrumentet til dei unge utøvarane.

bente-kvile-buflod.jpg 280x233
Foto: Jan Schrøder.

Bente Kvile Buflod er til dagleg musikklærar ved Trysil kulturskole og utøvande musikar med song, gitar og fele som hovudinstrument. Ho har motteke Trysil kommunes kulturpris og Hedmark Folkemusikklags ærespris.

Bente har gjeve ut CD med eigne melodiar på Trysildialekt. Ho har komponert slåttemusikk for fele og sett melodiar til lokale diktarar og medvirka i ulike radio- og TV-program.

liv-simensen.jpg 300x225
Foto: Privat.

Liv Simensen er vel mest kjent som "Kjerringa hass Ansgar" - ein eigenutvikla figur som handsamar samfunnsspørsmål på ein original og rabiat måte, både på inn- og utpust.

Til dagleg er Liv journalist og arbeider i bladet Østlendingen. I 40 år av sitt liv har ho halde på med revy, og ho har i mange år vore fast med i førjulscabareten til damekoret Damenes aften på Hamar. Ho held også kåseri og foredrag for private og offentlege institusjonar og lag.

Liv har også vore med fleire gongar i Revyfestivalen på Høylandet, både åleine og i ulike grupper.

elverum_danselag.jpg 280x202 
Foto: Ole Peter Øverby.

Elverum danselag vart stifta i 1973 og har ca 45 medlemmer. Laget har et breidt dansereportoar med runddansar, turdansar, rekkedansar og ikkje minst Elverumspols. Laget deltek kvart år på Landskappleiken, både i lagdans og pardans, og har hatt fleire topplasseringar. Festivalar i fleire europeiske land er vitja, blant anna Austerrike, Ungarn og Portugal. Biletet er frå turen til Praha i 2008.

På opningskvelden dansar dei Elverumspols og hamborgarsuite. Musikken er ved Bente Kvile Buflod og Else Myhr.

bygdedanslaget.jpg 300x225
Foto: Ola Molstad.

Bygdedanslaget i Hamar vart stifta i 1993 og har ca 35 medlemmer. Laget ynskjer å ta vare på tradisjonsdans, primært bygdedansar og gamle runddansformer. Det har vore drive aktivt innsamlingsarbeid og filming av danseformer som er i ferd med å gå ut av bruk.

Laget dansar også turdansar. Medlemmene deltek både individuelt og i lagdans på Hedmark Folkemusikklags årlege stemne og skal vere teknisk arrangør av stemnet i Hamar i 2010.  Laget stiller òg i lagdans på Landskappleiken. Mange dansepar har gjennom åra hevda seg heilt i toppen på kappleikar.

Bygdedanslaget har saman med Spellmannslaget Leik hatt tett kontakt med spellmenn og dansarar i Sverige og Austerrike dei siste åra. Laget er tilslutta Hedmark Folkemusikklag og Landslaget for Spelemenn.

På opningskvelden dansar dei Hedmarksmasurka og runnom. Musikken er ved Tonje Lien Barkenæs, Stein Magne Eggen og Else Myhr.

 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting