logo    
      meny  
      meny  
  :: Framsyningar      
  : Sans for dans: !Grymt
: Myldring og tog

 

Myldring og festivaltog

Tid: Laurdag 1. august klokka 10.30 - 13.00

Stad: Hamar sentrum

Framlegg til samdansar:

Turdans: Klappdans frå Østfold, åttetur frå Asker, sjuturs reinlender, firetur frå Nes, trondheimar frå Ofoten, åttapardansen, sekskorsedans frå Melvær.

Songdansar: Å vesle Kari vår, Trolldans, og evt. Vise for gærne jinter.

bunadstog.jpg 300x225
Frå eit tidlegare bunadstog i Hamar.
Foto: Jan Schrøder.
 

Vi ynskjer å markere festivalen og Noregs Ungdomslag for folk i Hamar på denne måten:

Klokka 1030-1100: Danseframsyning på fire sentrale stader i byen. Festivalen ordner musikk.
Vi oppmodar så mange som muleg til å bli med, slik at vi får store danseringar.

Klokka 1130: Samling i Strandgateparken der det vil bli lagt ned blomar ved statuen av Hulda Garborg. Vi avsluttar med å danse trolldans.

Klokka 1200: Oppstilling til festivaltog på Fougner Lunds Plass. Festivaltoget fylgjer gågata og ender på Stortorget like ved Folkets Hus ca klokka 13.00.

Vi ynskjer riktig mange fylkeslagsfaner og mange bunadsfolk i toget, men alle skal vere med, bunad eller ikkje.

Dette er tenkt å vere ei uhøgtideleg massemønstring så det vil vere høve til å ta ut eller sette inn dansar etter tid og lyst der og da.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting