logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Nattkonsert i Hamardomen

 torilnybrott.jpg 199x300
 Toril Nybrott. Foto: Artisten.
sinikka_500.jpg 200x300
 Sinikka Langeland. Foto: Linda Schade.
 tone-hansfredrik.jpg 300x223
Tone Hulbækmo og Hans Fredrik
Jakobsen. Foto: Artistane.

Tid: Fredag 31. juli klokka 24.00-01.30

Stad: Hamardomen på Domkirkeodden

Artistar: Sinikka Langeland, Tone Hulbækmo, Hans Fredrik Jacobsen og Toril Nybrott

Pris med pass: 200 kroner

Pris utan pass: 300 kroner

Pris barn: 100 kroner

 

I Mjøskanten, der Mjøsormen en gong synte seg, ligg Domkirkeodden med ruinane etter den ein gong så stolte middelalderkyrkja. Fredag den 31. juli kan du oppleve nattkonsert i Hamardomen, vernebygget over domkirkeruinen i Hamar. Den heilt spesielle stemninga i dette konsertlokalet bør du ikkje gå glipp av.

Artistane denne kvelden er Sinikka Langeland, Toril Nybrott, Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen, alle særprega artistar som bur i kvart sitt hjørne av Hedmark.

 

Toril Nybrott skal synge og vere konferansier for kvelden. Ho er sangpedagog og bur i øvre Vang i Hamar.

Toril har vore teaterinstruktør, skodespelar og produsent, kordirigent og kursleiar for "Eg kan ikkje synge"-kurs, og vore musikk- og sangpedagog for barn, ungdom og voksne. Toril Nybrott skriv eigne tekstar og musikk. Ho har spela inn to soloplater.

Sinikka Langeland er ein særprega kunstnar busatt på Finnskogen. Hennes instrument er det finsk-ugriske strengeinstrumentet kantele, men ho er og kjent for runosang og kveding.

Arbeidet med musikktradisjonen på Finnskogen har resultert i mange CD-innspillinger, bøker, radio og TV-program og turnévirksomhet i inn- og utland. Ho komponerer og arrangerer eigen musikk og vart tildelt Edvard-prisen i 2003.

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen bur på Tolga i Nord-Østerdalen. Dei gjer bruk av mange instrument, som fløyter, harpe, trøorgel, song, torader, lyre, skjeier, sekkepipe og mykje meir. Dei arrangerer og komponerer sjølve all musikken dei speler. Dei skriv òg for andre, mellom anna for ballett, janitsjar, kor og mindre besetningar, for amatørar, og for profesjonelle.

Ei hovudinteresse har vore norsk og europeisk middelaldermusikk og folkemusikk, ofte frå Østerdalen, i tradisjonell og meir eksperimentell form. Dei har spela inn ei rekkje CD-er, og tre av dei har fått Spellemannsprisen.

Hulbækmo og Jacobsen har også samarbeidd tett med norske lyrikarar som Halldis Moren Vesaas, Erik Bye og Ove Røsbak, noko som har blitt til mange nye viser. Dei har spelt med musikarar frå andre kulturar og jobba mykje med musikk for barn.

 

 hamardomen.jpg 300x205
Her blir det nattkonsert den 31. juli.
Foto: Hedmarksmuseet.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting