logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Bjørnemosekost

bjornemosekost800.jpg 300x225
Bjørnemosekost. Foto: Ingrid Maurstad Tuko.

Tid: Torsdag 30. juli klokka 09.30-11.00

Stad: Klasserom på Høgskolen

Lærar: Ingrid Maurstad Tuko

Pris med pass: 50 kroner

Pris utan pass: 100 kroner

 

Kosten vert, som namnet seier, laga av bjørnemose. Mosen finn ein på fuktige plassar i skogen, og ein dreg han opp i buntar. Mosen må reinskast før ein legg han tett i 3 delar som vert bundne saman med eit band (gjerne eit vove band), om lag 1 meter langt.

Mosen er antiseptisk og lite brennbar og vart tidlegare bruka som tetningsmasse i tømrahus, og ein la ned grønsaker til lagring i han. Kosten vart bruka til å koste vekk mjøl når ein steikte flatbrød eller liknande på varm takke. No vert kosten hengt opp til pryd.

Bjørnen tetta og dekte hiet sitt med mosen, derfrå kjem namnet.

Med kurset fylgjer mose og band.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting