logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Bunadsutstillinga

Utstillinga "Fruktbare åkrar og djupe skogar"

kjersti-prestkvern.jpg 114x300
Kjersti Prestkvern.
Foto: Jan Schrøder.

 

Tid: Onsdag 29. juli - søndag 2. august

Stad: Høgskolen i Hamar

Ansvarleg: Kjersti Prestkvern

Pris: Gratis for alle

 

Bunadutstillinga er open frå onsdag til søndag. Det vil vere folk til stades heile tida, og dei kan hjelpe og rettleie etter behov. Det er først og fremst bunader frå Hedmark som vil stå sentralt på utstillinga. Sjå eiga oversikt over utstillingsobjekt.

Kjersti Prestkvern bur på Hamar. Ho er ein aktiv dansar innan både stildans og folkedans, men har nok via hjartet sitt til utforsking og rekonstruksjon av draktar og bunader, som for eksempel kvinnedrakt frå Hadeland i 1979. For dette fekk ho diplom frå Bunad- og folkedraktrådet i 1998. Ho var og medansvarleg for Sølja sitt prosjekt "Rekonstruert kvinnedrakt for Hedemarken" i 1994. Ho har drive utforskning av kildemateriale som bevart draktmateriale og skiftemateriale frå Statsarkivet på Hamar.

Kjersti har vore lektor på Høgskolen i Oslo i 10 år og på Høgskolen Hedmark i 20 år og vore ansvarleg for Garborg-utstilling i Hamar i 2001 og utstilling av bevarte draktar fra Ringsaker i 2003. Ho laga ei flott bunadutstilling i regi av Sølja i 2004 og ei draktutstilling på Hadeland i 2008.

I 2001 fekk ho Vardenprisen frå Fylkeslaget Varden for innsatsen på bunadfronten og ho er framleis etterspurt som kurs- og foredragshaldar.

never.jpg 300x223 
Never og kontstrikk på utstilling.
Foto: Ingrid M. Tuko. 
 

Neverarbeid og kontstrikking

I tilknyting til bunadsutstillinga vert det ei utstilling av diverse neverarbeid og kontstrikking. Bunadnemnda i Fylkeslaget Varden har ansvar for denne utstillinga.

 

 

 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting