logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Kveding

camilla-granlien.jpg 191x300
Camilla Granlien skal lære bort
kveding. Foto: Sune Eriksen.
Tid:
Torsdag 30. juli klokka 11.30-13.00

Stad: Rom på Høgskolen

Lærar: Camilla Granlien

Pris: 200 kroner

 

Camilla Granlien er ein av dei beste utøvarane vi har i Noreg når det gjeld folkesong og kveding. Ho er flink til å formidle stoffet og læra bort songane. Ho har vunne Landskappleiken fleire gonger og fått Kongepokalen ein gong.

Camilla har vakse opp på Hamar, men bur i dag på Lillehammer. Ho er utdanna med ein master i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark og har fordjupa seg i songtradisjonen frå Gudbrandsdalen. Ho arbeider no som lærar i vokal folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole.

Camilla syng også i gruppene Skrekk, To Cast a Shadow og Camilla Granlien Band. Ho ga ut soloalbumet Begjær i 2005.

Dette er eit fint høve til å verta kjent med ein tradisjonsbærar av norsk folkesong.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting