logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Rosemåling

 bjorn-pettersen.jpg 300x220
Kurshaldar Bjørn Pettersen. Foto: Bjørn Pettersen.
Tid:
To dagars kurs a 3 timar, torsdag 30. juli og fredag 31. juli klokka 09.30-12.30

Stad: Rom på Høgskolen

Lærar: Bjørn Pettersen

Pris: 300 kroner

 

Kurset i rosemåling vil ta sikte på å gi deltakarane ei grunnleggjande innføring i stil og fargar. Det blir undervist i rosemåling i Telemarksstil.

Kurshaldar Bjørn Pettersen er frå Drammen. Han har halde kurs i 20 år og blir rekna som ein særs dyktig kunstnar på sitt område. Han har blant anna vore kurshaldar i Australia over lengre tid.

Kurshaldar stiller med ferdiggrunna plater med eit ferdig teikna mønster. Han har også med pensel og fargar, slik at kvar elev får sin eigen palett. Det einaste han krev er at deltakarane må ha lyst på og interesse for rosemåling.

Kurset har plass til maksimum 10 elevar. Under festivalen vil det vere ei eiga utstilling av rosemåla produkt på Høgskolen. 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting