logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Bunadseminaret

 ellen-runderheim.jpg 107x132
Ellen Runderheim.
Foto: NU.
Tid:
Onsdag 29. juli klokka 10.00-15.00. Avslutning same stad, same dag klokka 18.00-21.00

Stad: Rom på Høgskolen i Hamar

Pris: 300 kroner inklusive mat på avslutninga

Ansvarleg for seminaret: Ellen Runderheim frå bunadrådet i Noregs Ungdomslag, tlf. 412 86 007, epostadresse brunder@c2i.net.

 

Bunadseminaret inneheld foredrag og omvising i bunadutstillinga. Foredraga vert framførde i denne rekkjefølgja:

10.00-12.15  Sigrid Løken, Kjersti Prestkvern og Anne Kristin Moe
12.15-13.00  Lunsj i kantina på Høgskolen
13.00-15.00  Bjørn Bækkelund og Odd Arnfinn Tømmerholen

18.00-21.00  Hyggjekveld med servering og underhaldning

 

Foredraga og foredragshaldarane

Kjersti Prestkvern og Sigrid Løken: Omvisning i bunadsutstillinga.

Kjersti er tidlegare lektor i tekstilfag ved Høgskolen i Oslo og førsteamanuensis ved Høgskolen i Hedmark. Ho fekk Fylkeslaget Varden sin Vardenpris for mange års arbeid med forsking og rekonstruksjon av bunader i 2001.

Sigrid er utdanna formingslærar og har vore medansvarleg for utvikling og rekonstruksjon av Østerdalsbunaden både for menn og kvinner.

Anne Kristin Moe: "Frå tidhøvelege til stilreine bunader - eit skifte i synet på bunader. Om bunadsynet hos Hulda Garborg og Klara Semb".

Anne Kristin er kulturhistorikar og avdelingsleiar ved Bunad- og folkedraktrådet.

Bjørn Bækkelund: "Arbeidsklær i skogen".

Bjørn er konservator ved Norsk Skogmuseum.

Odd Arnfinn Tømmerholen: "Mannsbunaden på Hedmarken".

Odd Arnfinn er historisk bunadsforskar og fekk i 2005 Løten kulturpris for sitt mangeårige arbeid med utviklinga av mannsbunaden frå Hedmark med utgangspunkt i tida frå 1780 til 1820.

Ellen Runderheim er opprinneleg frå Oslo, men har budd og arbeidd som grunnskulelærar i Gol i Hallingdal i mange år. Ho fekk sin aller fyrste bunad då ho var 5 år gamal og blei lokka med til bunadarbeid i Noregs Ungdomslag i vaksen alder gjennom å bli invitert til Folkekulturfestivalen med lovnad om å få gå i bunad i tre dagar. Dette blei ho med på, og etter kvart vart ho styremedlem i Gol Ungdomslag og sidan leiar. I 2000 gjekk ho inn som vara i bunadrådet og vart fast medlem i 2006. Ho er utdanna lektor med tjekkisk hovudfag, har stor interesse for tradisjonsstoff og folkedrakter, og har mellom anna teke studiet "Drakt og samfunn".

- Eg brenn for å gjere praktiske ting og ikkje prate så mykje. Eg vil arbeide med studieturane våre framover og bunadopplæringa som vi har i lag med Folkekulturforbundet og Norges Husflidslag. Eg vil òg vere med å hjelpe til med å lage regionale seminar rundt om i landet. Det vert stadig fleire av desse og med fleire og fleire deltakarar, seier Ellen Runderheim.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting