logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

!Grymt

sans.jpg 300x182
Sans for dans-gjengen. Foto: NU.
 
einarolavlarsen.jpg 300x196
Einar Olav Larsen. Foto: Harald Sæterøy.
Tid:
Laurdag 1. august klokka 13.30-14.00

Stad: Folkets hus

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 100 kroner

 

Med ungdommeleg mot, humor og kreativitet tar danseførestillinga !GRYMT publikum inn i eit mylder av dansetradisjonar og dansetypar. Med eigne lokale dansetradisjonar innan bygdedans og runddans som utgangspunkt, syner dei unge talenta mangfaldet i den norske folkedansen og -musikken, men overraskar i tillegg med  nyskapande koreografi og dans. !GRYMT rett og slett! 

Dansarar:

Maren Albrigtsen
Astrid Bruun Arnesen
Asgeir Heimdal
Anna Liv Skjelten Gjendem
Svein Oskar Smogeli
Sveinung Heide Vaskinn
Merete Lia
Carin Funseth

Musikar:

Einar Olav Larsen

 

Noregs Ungdomslag sitt talentprosjekt, Sans for dans 2009, har gjennom vinteren 2008/09 produsert danseførestillinga !GRYMT saman med Martin Myhr, Bente Hjellum Syvertsen og Einar Olav Larsen. Førestillinga varer i 30 minutt.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting