logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Festivalgudsteneste

Tid: Søndag 2. august klokka 11.00-12.00

Stad: Hamar domkyrkje

 

Festivalgudstenesta vert leia av biskop Solveig Fiske. Det vert innslag av festivalkoret (om det blir nok deltakarar) ved dirigent Rune Hernes Bjerke og akkompagnatør Johanne Jeremiassen. Det vert òg harpespel ved Stein Villa.

 stein-villa.jpg 207x300
 Stein Villa speler harpe.
Stein Villa er tilknytt Gjøvik Spelemannslag med si instrumentbyggjergruppe. Gruppa arbeider for å ta i bruk instrument som norsk harpe, lyre, strykelyre, sekkepipe med meir. Stein har deltatt i 20 år på Landskappleiken og har hatt kurs og konsertar både i Noreg og i utlandet. Han er no tilsett som formidlar og musikkarkivar ved Mjøsmuseet og er ofte brukt som foredragshaldar mellom anna ved Ole Bull-akademiet på Voss.

Noverande Hamar domkyrkje er ei langkyrkje i enkel tysk-romansk stil frå 1866 og ligg midt i Hamar. Kyrkja vart bygd då Hamar fekk bystatus i 1849 og igjen vart sjølvstendig bispedømme to år etter. Altertavla viser ein oppstanden nordisk Kristus og er måla av Henrik Sørensen i 1954. Bildet viser Kristus utan tornekrone eller tydeleg glorie, noko som er rekna som uvanleg.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting