logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Veterantreff

 veteran2.jpg 279x300
Treffet for skikkelege veteranar, her representert
ved leiaren i Folkedanslaget Sølja, Nils Slapgård.
Foto: Jan Schrøder.

Dette arrangementet er diverre avlyst!

 

Tid: Laurdag 1. august klokka 16.00-18.00

Stad: Kristian Gundersen-salen i Folkets hus

Pris: 100 kroner

 

Veterantreffet er meint som ei mimrestund der alle som kjenner seg som veteran i eitt eller anna - dans, spill, song, kveding, handverk, handarbeid, bunad eller kva det måtte vere - er velkomne til hyggetreff med god mat og drikke.

Det vert servert spekemat med tilbehør, kaffi og kaker. Tidlegare ordførar i Hamar, Odd Aspeli vil vere hjarteleg til stades som kåsør under måltidet, og det kan by på overraskingar. Det er lagt opp slik at deltakarane på veterantreffet kan flytte seg over frå Jønsrudsalen utan å forlate bygningen når dei har sett på Framsyningskappleiken og Sans for dans.

Odd Aspeli er fødd i 1936 og var lokalpolitikar i ein mannsalder. Han har vore ordførar både i Vang i Hedmark og i Hamar etter kommunesamanslåinga i 1992. Han var kommunestyrerepresentant i Hamar for Arbeiderpartiet i 24 år heilt til han ga seg i 2007. I 2007 fekk han Hamarprisen for sin "betydelige innsats i samfunns- og kulturlivet i Hamar kommune".


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting