logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Kurs i halling

thor-herman.jpg 257x300
Thor Hermann Bøhle dansar halling.
Foto: Jan Schrøder.
Tid:
To uavhengige kurs, torsdag 30. juli klokka 09.30-10.30 og fredag 31. juli klokka 10.30-11.30

Stad: liten gymsal på Høgskolen

Lærar: Thor Hermann Bøhle

Musikar: Runhild Heggem

Pris med pass: Gratis

Pris utan pass: 50 kroner

 

For spreke gutar og jenter blir det sprett og hopp når danselærar Thor Hermann Bøhle trør til med halling/laus. Det er ikkje naudsynt med forkunnskapar, men deltakarane må ha gode sko og behageleg tøy på seg. Deltakarane får vise seg fram på barneleikfesten på fredag.

Thor Hermann Bøhle er ein røynd folkedansar med størst interesse for bygdedansar. Han har vore aktiv laus-/hallingdansar på kappleiker og stemner og A-danser frå 1973. Han var vinnar av Landskappleiken i 1975, 1978 og 1982 og har halde ei rekkje kurs i laus-/hallingdans rundt om i Noreg og Sverige. I fleire år var han instruktør hos Barneleikarringen i Østerdalslaget, som seinare fekk namnet Barneleikarringen Lurvelegg.

Halling kan seiast å vere ein "idrettsdans". Han vert utført både til slåttar i 6/8- og 2/4-takt og byggjer på det same taktmønsteret som gangaren. Tempoet er likevel snøggare enn i gangaren. Kroppen vert ført lett og spenstig med sprang, hinkesteg, "kruking" etc.

For meir informasjon om halling, sjå www.hf.uio.no/imv.


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting