logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Munnharpekurs

Tid: To uavhengige kurs, torsdag 30. juli klokka 12.30-13.30 og fredag 31. juli klokka 09.30-10.30

Stad: klasserom på høgskolen

Lærar: Gunnar Rødal

Pris med pass: 100 kroner

Pris utan pass: 150 kroner

Med i prisen inngår munnharpa.

 

munnharpe_150x167.jpg 150x167
Munnharper.
Foto: Hans Bøvre.
Gunnar Rødal vil ta dei unge med på ei oppdagingsferd innan musikken med eit instrument som ikkje krev forkunnskapar, men som krev at du har ein munn med tenner og tunge og to hender. God instruksjon og musikalsk innleving - og vips, så speler du munnharpe.

Opprinneleg stammar munnharpa frå Asia, men ho kom til Europa rundt år 500 og til Noreg på 1200-talet. På 1900-talet vart munnharpa ei handelsvare og i dag koster ei god munnharpe frå rundt 500 kroner og oppover. I Asia er munnharpa gjerne rytme- og effektinstrument. Ho vert laga både i tre, bambus og metall. I Noreg er munnharpa eit melodiinstrument. Både i Telemark, Valdres og Gudbrandsdalen er det aktive munnharpemiljø, men det er nok Setesdal som har utvikla og tatt vare på kunsten å lage munnharper av beste kvalitet.

Til tross for storleiken reknast munnharpe for å vere eit komplisert instrument. Det kan ta lang tid å lære dei ulike teknikkane som for eksempel åpne- og lukketeknikken i halsen for å få fram dei ulike tonane.

For mer kunnskap gå inn på www.munnharpe.no.

Ordtak: "Det er munnhorpa som høyrest lengst inni Helviti".


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting