logo    
      meny  
      meny  
  :: Heim      
 

 

Andre aktivitetar i Hamar

Når du først er i Hamar, bør du unne deg nokre av desse aktivitetane i tillegg:

Hedmarksmuseet

Vitjande med festivalpass får redusert pris for å kome inn (honnørpris): vaksne 65 kroner. Du kan vere med på omvising med syngjande guidar og sjå middelalderens Hamar. Utstillinga "...d'er æiller fali før den som dæinse" syner dans og danseplassar på Hedmarken.

Internett: http://www.hedmarksmuseet.no.

Kirsten Flagstadmuseet

Hamar er Kirsten Flagstads heimby. Dette er eit intimt museum til minne om ein eneståande kunstnar - Kirsten Flagstad. Museet vart opna i 1985.

Internett: http://www.kirsten-flagstad.no.

Norsk utvandrermuseum

På Åkershagan i Stange ligg Norsk utvandrermuseum. Friluftsmuseet vart offisielt opna av Hans Kongelige Høyhet Kong Olav V i mai 1989. For øyeblikket har museet 6 bygningar. Det er også utstillingar inne i museet.

Internett: http://museumsnett.no/emigrantmuseum.

Jernbanemuseet

Norsk Jernbanemuseum er drive av Jernbaneverket. Det omfattar den samla jernbaneverksemda i Noreg, både det virkefeltet som fell inn under Jernbaneverket direkte, og den togtrafikken som er køyrer på Jernbaneverkets og andre jernbanenett i Noreg.

Internett: http://www.norsk-jernbanemuseum.no.

Amadeus dyrepark

Her kan du vere omgjeve av snille dyr av alle slag! Det er mogleg å klappe dei, kose med dei, leike med dei, fore dei...... NESTEN alle dyra i dyreparken kan du gjere noko av dette med.

Internett: http://www.amadeusparken.no.

Vikingskipet 

Frå 31. juli er det skøyteis i Vikingskipet. Då kan du gå på skøyter og bade i Mjøsa på same dag som du dansar i bunad!

Internett: http://www.hoa.no.

 


Siste nytt:

⇒ Festivalprogrammet i trykken
⇒ Bli med i festivalkoret!
⇒ No kan du melde deg på Folkekulturfestivalen!
⇒ Gå ikke glipp av nattkonserten!
⇒ Infofolderen til nedlasting